Thursday, Sep 09th

Redigert:05:32:52 AM GMT

Du er her : Home Foreningen Vedtekter

VEDTEKTER

Vedtekter for foreningen

E-post Skriv ut

Vedtekter for Norsk Fyrhistorisk Foreining (NFHF)
(etter endringar på landsmøtet 2005)

Føremål
§ 1 NFHF er ein frivillig organisasjon. NFHF skal arbeida for dokumentasjon og formidling av norsk fyrhistorie, samt vern og ideell bruk av norske fyrstasjonar.

Verksemdsområde
§ 2 Tema for NFHF er tryggleik til sjøs. Området for verksemda omfattar difor: Fyrstasjonar, skipsleia, flytande og faste navigasjonsinstallasjonar, fartøyteneste og nærare definerte kystkulturminne.

Strategi - aktivitetar
§ 3 Gjennom å vera ein aktiv pådrivar for å skapa interesse og forståing for bevaring og ideell bruk av fyrstasjonar, skal NFHF:

  • Arbeida aktivt for at opinionen og styresmaktene får auka forståing for vern av fyr og navigasjonsinstallasjonar og for desse som ein viktig del av historia.
  • Sikra at ansvarlege statlege organ følger opp intensjonane som ligg i “Nasjonal verneplan for fyrstasjonar” og Stortinget sitt vedtak vedk. bruk og avhending av fyrstasjonane.
  • Bidra til eit aktivt samarbeid mellom fyrhistorisk interesserte ved å vera eit bindeledd mellom desse og det offentlege, både m.o.t. eigedomstilhøve, bruk og vern.
  • Utvikla alternative bruksformer for fyrstasjonar i pakt med verneføremålet.
  • Formidla rådgjeving for bygningsvern og lokalt forankra kultur- og naturbaserte driftsformer.
  • Arbeida for utgjeving av ei fyrhistorisk årbok der NFHF tek aktivt del i det redaksjonelle ansvaret, gjev ut medlemsskriftet "Fyrglimt" og for drifta av heimesida "fyr.no".

Organisasjon
§4 Foreningen er hovudsamskipnaden for fyrhistorisk interesserte i Noreg og kan organiserast i lokallag og fem distriktslag som fylgjer grensene til kystdistrikta.

Medlemsskap
§5 Einskildpersonar, lag og institusjonar kan bli med i NFHF ved å betala den kontingenten Landsmøtet føreset. Andre lag kan melda seg inn med heile sin medlemsmasse som såleis får dobbelt medlemsskap.
Kontigenten kan differensierast mellom fylgjande grupper: einskildpersonar (og born, vaksne, pensjonistar, studentar osb.)
Organisasjonar, lag med kollektivt innmelde medlemmer og bedriftar/offentlege institusjonar

Landsmøte
§6 Landsmøtet blir kalla inn av styret annakvart år. Innkallinga må ha kome til medlemmene minst tri veker på førehand. Omframt landsmøte blir kalla inn viss styret finn grunn til det, eller viss 1/3 av medlemmane krev det. Alle medlemmar har møterett med ei røyst kvar. Likevel har medlemmer innmelde kollektivt gjennom eit lag berre ei røyst for kvar 50.medlem, likevel ikkje over fem røyster til saman.Landsmøtet godkjenner årsmelding og rekneskap og vedtek årsplanar og budsjett.

Landsmøtet vedtek vedtektsendringar og vel styremedlemmer, leiar, nestleiar, revisor og valnemnda. Framlegg til vedtektsendringar skal vera innsende til styret seinast ein månad før eit landsmøte. Eit slikt framlegg må ha 2/3 fleirtal for å bli vedteke.

Styret
§7 Styret skal ha sju medlemmer med to vararepresentantar. Alle kystdistrikta bør vera representerte. Funksjonstida for styremedlemmene og for leiar er to år. Styret er vedtaksført når eit fleirtal av medlemmane er til stades.

Valnemnd
§8 Valnemnda består av tri medlemmer og blir vald av landsmøtet. Valnemnda vel eigen leiar og legg innstilling til ny styreleiar, nytt styre, varamedlemmar og revisor fram på landsmøtet.

Sekretariatet
§9 Sekretariatet har ansvaret for den daglege drifta og for å førebu og fylgja opp saker for styret. Styret arbeidar ut instruks for sekretariatet og gjer dei fullmakter som trengst.

Oppløysing
§10 Ved oppløysing av NFHF krevst 2/3 fleirtal på eit omframt landsmøte. Verdiane til foreininga blir sidan deponert hjå Forbundet Kysten til det blir oppretta ein ny foreining med tilsvarande føremål.
 

Vedtekter for valgnemnda

E-post Skriv ut

Kommer...

Land Gjester

 
Top 5:
Norway flag 54%Norway (7644)
Germany flag 10%Germany (1381)
United States flag 9%United States (1317)
Sweden flag 5%Sweden (716)
France flag 3%France (415)

Gjester

 

Gjester i dag:2
Gjester i går:66
Gjester denne måned:422
Gjester dette år:14814
Gjester total:15303

Adobe PDF Reader

 

Adobe Flash Player